Dagleg leiar

Terese er fødd i Ålesund i 1973, og oppvaksen på Jamtegarden i Valldal. Ho vart tilsett som dagleg leiar i Fjordhagen AS våren 2009.

Terese har utdanning frå reiselivslinje ved Otto Treiders Handelsskole i Oslo og 3-årig økonomi og administrasjon med påbygging reiselivsøkonomi frå Høgskulen i Telemark, avd. Bø. I desember 2012 fullførte ho ei mastergrad i Stedsutvikling ved Universitetet i Tromsø.

Spesialkompetansen har ho frå reiseliv, med over 13 års arbeidserfaring frå reiselivet og oppbygging og drift av destinasjonsselskap i Rauland i Telemark. Ho har også kompetanse innan prosjekt- og prosessleiing og er sertifisert hoppid.no-rådgjevar frå Høgskulen i Ålesund.

Terese har også erfaring frå styrearbeid både i bedrifter og frivillege lag og organisasjonar. Ho har mellom anna 4-års erfaring som styremedlem i Destinasjon Geirangerfjord – Trollstigen og er for tida leiar i Valldal skulekorps.

Publisert med Visto CMS